Monday, March 10, 2008

NM i Trondheim:)

Etter ei travel men svært innhaldsrik helg i Trondheim sitt eg igjen med mange gode minner og store opplevingar:) Helga starta med ei lang busstur til Trondheim. Etter eit lite uhell onsdag hadde eg dessverre problem med å sitte heile vegen, men heldigvis har eg gode sjøbein så det gjekk fint å stå:)Når vi kom opp til Trondheim å ha sjekka inn på hotellet va det klart for øving. 2 tima med finpuss av stykka var ein betryggande oppleving som roa nærvane litt! Etter øvinga hadde vi 1 1/2 time til city syd stengte så då fekk bankkortet også oppleve Trondheimby!:)om kvelden bestilte vi pizza på rommet:)

Eg våkna svært tidlig laurdag morgen....trur dette var eit resultat av nærva, spenning, vegg til vegg teppe og ei tett nase. Men heldigvis var både Helge og Ivar også oppe til frokost klokka 7:) Etter utallige koppar med kaffi at med alle som skulle ete frokost var d klart for ei ny øvingsøkt på hotellet!Etter øvinga var det berre å få på sej konsertkleda og pakke inn i bussen og komme seg til Olavskvarteret det konkuransen var. Etter å ha venta både lenge å vel var det endelig vår tur:) Mange timar med arbeid var lakt ned og vi var alle veldig glade for at tida var kome der:) Åndalsnes hadde spelt dagen før og dei fortalte at publikumet deira bestod av bussjåføren deira så vi var spente på om vi fekk meir enn eit publikum!!Å til vår store glede va salen FULL:) Stemninga var go og når det vart ropt JEBO!!(Betyr Ja på svahili...frå ein dirigenten Ante Skau som vi har hatt ved tidligare anledningar)bak i pulikum var det berre å trøkke til:) Å alle gjekk frå sena med eit smil :) Vi var kjempe fornøgde med eigen innsats:)


Kvelden var vi samla på Egon til festmiddag, stemninga var allereide svært god! Etter middag var det festkonsert. Denne stod Luftforsvarets musikkorps med dirigent Ole Edvard Antonsen og Åsleik Engmark for!!Det var eit forykande show:) Eg var så heldig at eg fekk den eine av styret sine bilettar til fremsterad:) For ei oppleving!!!!Etter konserten var det premie uttdeling og når sykkylven var lest opp som nr. 7 i 2. divisjon stod jubelen i taket:) Kvelden fortsatte med fest til langt på natt. Der var underholdning på fleire sener, men den store favoritten var Trondheim storband:)

Søndag var det klart for avreise og atter ein morgon var det eg, Helge og Ivar som var først oppe til frokost! Etter kun tre tima med søvn denne natta:P Så var det å stue bussen full i kommertar, instrument og slitne musikantar å snu nasa mot Sykkylven igjen!!Bra det verre er eit år til neste gang:)
Generalprøve konsert i Tresfjorden

På bussen på vei til Trondheim

Oline og Hannha under middagen på Egon

Laila på sena under premieutdelinga

1 comment:

ÅSE KATRIN, MOLDE, NORWAY said...

Gratulerer med 7. plass. Så bra!! Hørtes ut som ei kjekk og travel helg på samme tid. Men no er det snart påske, så da får du kanskje slappa litt av.. Klem