Thursday, May 24, 2007

17 Mai, Oslotur og eksamenstid!

Det har vore mykje som har skjedd den siste tida! Eksmenspresset har sett sine spor, 17 mai feiringa er unnagjort og vi har vore ein tur til Elverum og Oslo. Harald kom heim frå sjøen fredagskveld, men nådde dessverre ikkje flyet til Oslo så han måtte sette seg på nattoget heilt frå StavangerL Eg venta spent i Oslo og henta han tidlig laurdagsmorgon på Oslo S. Etter nokre timar shopping vart Harald sjuk å vi måtte vende nasa tilbake til Skredsmokorset der vi budde for helga. Søndagsmorgon begynte vi på heimturen og var tilbake i Sykkylven i 20tida. Denne veka har eg vore vikar på Aure skule og i Ullavika barnehage. Eg har også vore sjuk eit par dagar, men no kjennest det ut som kroppen er topp igjenJ I morgon skal eg vere vikar på skulen og etter det trur eg det må bli ein tur på Tynesfjellet før vi flyttar inn i Søvikdalen for pinsa. Det er båtfestival på Ikornnes denne helga så på laurdag lyt vi ta oss ein tur dit å treff litt folk!

Håper alle har det bra og lykke til med eksamenane!

Her kjem nokre bilde frå besøket i Oslo og 17 mai!

Friday, May 04, 2007


Flytting og bursdagsfeiring!

Forge laurdag flytta eg heim frå flotte Volda til fagre Sykkylven:)Eg, Harald og pappa var i full sving heile laurdagen!Søndag blei Harald 23 år, dagen feira vi med griling på Lassegjerdet:)Her var stort og smått samla med engangsgrilla,bål og kake! Her kjem nokre bilde frå helga.